Women’s Wine & Spirits Awards Winner Feddie Ocean Distillery

Nye gullmedaljar til Therese og Feddie

Therese Storebø gjer seg nok ein gong merka på den internasjonale sprithimmelen, der jo denne veka saman med Feddie destilleriet sanka ikkje mindre enn fire gullmedaljar i Women’s wine and spirits awards.

Austevollingen som altså brenner spirt på Fedje, seier til Marsteinen at internasjonale kåringar er heilt naudsynt for eit lite destilleri å hevda seg i. Særleg når dei skal ute i den store verda med produkta sine.

– Som eit lite brenneri må me ha prisar å vera til for å komma oss inn i portefølgjen til andre og større aktørar. Med slike utmerkingar, som me kan bruka til marknadsføring internasjonalt, men ikkje i Noreg, vert det mykje enklare. Me viser at me lagar brennevin i verdsklasse, seier Therese, som er ganen bak tre av dei fire gullmedaljane i kåringa. I denne konkurransen er det kvinner sin smak som er utslagsgivande,  og blant nokon i bransjen utpeika til den viktigaste vin- og spritkonkurransen i verda.

Enno ventar Feddie på den fyrste whiskey-tappinga si, og i mellomtida kan dei altså flyta godt på produkta den tidlegare bartenderen frå Austevoll har smakt seg fram til.

– Me jobba litt meir med den sitrus- og karvesmakande akevitten vinmonopolet ville ha på marknaden, og det har gjeve resultat no, seier Therese, som gler seg storleg til at whiskeyen deira skal verta klar for marknaden.

– For det er jo eit whiskeydestilleri me er, seier ho.

Enter Women’s Wine & Spirits Awards NOW